PØKK! Fossheim/Duch/Haugerud

Arrangementsinformasjon

Lars Ove, Michael og Tor spelar «For 1, 2 or 3 people» (Christian Wolff 1964)

Den franskfødte amerikaneren Christian Wolff var saman med John Cage, Earle Brown og Morton Feldman ein del av den så kalla «New York Skulen». Komposisteknikkane til Wolff spenner frå tekststykker eller reine instruksjonar, grafiske partitur og konvensjonell notasjon, og «For 1, 2 or 3 people» er eit slags møtepunkt for nettopp dette. Notebiletet består av ein slags hybrid av grafiske teikn og «vanleg» notasjon, og stykket ber om at utøvarane både koordinerar med kvarandre, lydar i rommet og/eller reagerar spontant på musikken gjennom dei i alt 30+ ulike lydlege instruksjonane i stykket. Stykket er eit godt eksempel på Wolffs utforsking av sosiale, filosofiske og politiske aspekt i det å komponere og spele/framføre musikk.

«In performance the players seem to be in a state of perpetual crisis, yet the music sounds calm, relaxed and unruffled, unlike avant-garde variety which often sounds as though it is actually the expression of crisis» Michael Nyman om For 1,2, or 3 people, Experimental Music - Cage and beyond 1974

I sitt masterprosjekt undersøkjer Lars Ove gitaren si rolle i den eksperimentelle musikken frå mellom anna 1950.

Lars Ove Fossheim - Gitar
Michael F. Duch - Bass
Tor A. Haugerud - Perkusjon

Kl. 20 på Cinemateket i Olavshallen

cc:
150 (standard)
100 (student)
50 (medlem av FriForm/Trondheim jazzforum/PØKK)

id: 18 år

pøkk