Help
© TicketCo AS 2025.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
Buena Vista Social Club Tyskland, USA, Storbritannia 1999 Regi Wim Wenders Manus Wim Wenders, Nick Gold Foto Jörg Widmer Med Compay Segundo, Ibrahim Ferrer, Rubén González 1t 45m 35mm Engelsk og spansk tale, norsk tekst Tillatt for alle
Væpna med svært enkle digitale kamera og nysgjerrig pågangsmot stakk Wim Wenders til eit Cuba som hadde åpna seg for vesten for å sjå på eldgamle musikantar. Resultatet blei ein film som kick-starta ei heil trend, med haugevis av musikk-utgjevelsar for fleire av dei cubanske musikarane, nokre av dei godt oppe i åra, som ein hyggeleg sideverknad.
Buena Vista Social Club er ein dokumentar om eit gamalt band på Cuba, som Ry Cooder prøver å få samla i eit platestudio, og til påfølgande konsertar. Etter kvart som filmen spaserer behagelig av gårde, føler vi oss litt betre kjent med Cuba, og særleg Havana. Møtet mellom Ry Cooder og musikarane ber store frukter, og entusiasmen vi ser på lerretet er ekte vare.
Det er ein herlig usnobbete og avslappa dokumentarfilmklassikar, full av sjarme, varme og god musikk.